tirsdag 21. september 2010

Orlando! :)

Okey. No e jo eg ein stort fornøyelsespark-entusiast, men likavel... Orlando va nåko av da gøyaste eg nåken gong har vore med på!! Iallefall Universal Studios!! Universal Studios har to parka. Universal Studios og Universal Studios Island of Adventure. Sistenevnte var ein soleklar vinnar, sjøl om Universal Studios hadde mykje bra dei òg. Men de beste attraksjonane va heilt klart på Island of Adventure!

Begynne fra begynnelsen. Stod opp kvart øve fem fredagsmorgon(natt!), og bussen begynte så smått å rulla avgårde kvart øve 6. Trur eg må ha sovna for plutselig va me der. Heila Orlando virke bare som ein einaste stor fornøyelsespark! Her har du dei to Universal Studios parkane som eg har nevnt, Disney har 6(!) parka her (Magic Kingdom, Disney's Animal Kingdom, Disney's Hollywood Studios, Epcot senteret og to vannparka), Seaworld har to parka, Kennedy Space senter finne du her, Busch Gardens, Silver Springs, eit par andre vannparka, fallskjermsimulator og masse meir. Masse butikka og masse å sjå på!


Første stopp for oss va Universal Studios. Skulle egentlig tusla rundt med Francesca og Pamela, men ingen av dei like jo berg-og-dal-bana, så da slo eg fort fra meg. Derfor gjekk eg, Edouard og Guillaume rundt å kikka. Litt kjekkare å gå med guttane i og med at jentene her e svært så pysete! Følte meg nesten litt mandig, for jo værre jo bedre syns eg! Og gurimeg så mange gøye karusella! De kjekkaste va heilt klart i park nr.2; Island of Adventure. Der va Spiderman (Som va simulator i 3D. Veldig kul!), Jurassic Park (tømmerenna opplegg), Harry Potter berg og dalbane, Space Shot ting, ei anna tømmerrenna opplegg der du blei klissvåt(kunne bokstavelig talt vri klærno mine etterpå og da fossa ner!) og Hulken (som va soleklart den BESTE!). Hadde masse andre ting òg, så va nesten litt for lite med ein dag der... Hvis nåken vil te Orlando, blir eg uten tvil med igjen!! :D


Ette ein dag i Universal Studios gjekk me på Hard Rock Café og spiste. I Universal Studios har de faktisk den største Hard Rock Café’en i verden! Så da va litt kult!
Ettepå gjekk me på hotellet (som va ei fin avkobling fra køysengene på skulen kan du sei!), der kvar person fekk kvar si dobbeltseng. Deilig å få sova i ei skikkelig seng, og dusja i ein skikkelig dusj! Hadde egentlig tenkt å legga meg, for va så trøtt, men den gang ei! Blei med eit par italienske på ein gresk pub ting som hette Opa. Der kasta de rundt på servietta og dansa på bordet. Me fekk og vært vitne te to bachelorette parties. Va skikkelig god stemning der! Ettepå tusla me heimøve og rett attmed hotellet e da ein bygning som e opp ner! Veit kje ka som e inni an, men an e veldig stilig laga. Lyktene, dørene og alt henge opp ned!


Dagen ettepå gjekk me i DisneyWorld. Me gjekk i Magic Kingdom parken, nåko eg angre på. Da va PRIKK likt Disneyland i Paris! Sku heller gått ein anna plass. SeaWorld eller nåko. Men men.. Too late. Ikkje da at da ikkje e bra, men sku heller ha sett nåko eg ikkje har sett før..
Me va heima på skulen klokko 11 og då va da rett i dusjen og rett i sengo. Dødstrøtt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar