No sitte eg endelig å vente på Gardermoen, søndag 06:43. De to siste dagane har vore LITT stress! Etter tidenes morgentrim ner te Oslo S halv fem og morgonen, med to kofferta på 20 og 10 kg, fekk eg komt meg på flytoget (takk te Taran som hjalp meg!). Møtte opp på Gardermoen i går (lørdag) og smilte så fint te ho bak kasso og ga ho pass og billett. Ette ca 5 min med masse trykking og venting utbryte ho: "Jammen du ska jo inte resa før i morron!". Sto der så eit naut og kikka på ho før eg sa at eg måtte ta nåken tlf. Da viste seg altså at EF hadde gjort feil. Eg skulle ha reist i går, men de har tydeligvis ikkje fått med seg at eg sku ha ein ekstra dag der nede før skulen begynte. Som eg har BETALT for! Eg prøvde å ringa dei, men der va da bare åpent mandag te fredag. Begynte å kjenna at eg blei litt småstressa! Blei geleida bort te ein British Airways hjelpedesk, der eg fekk hjelp av verdens snillaste! Ho prøvde å ringa EF, ho ringte te EF i Miami og ho ringte British Airways og prøvde å bytta billetten min te lørdag. Uten hell.. Da viste seg altså at dersom eg sku bytta billett måtte eg punga ut med øve 4000 kr! Både ho og eg blei enige om at da va da kje værdt, spesielt ikkje når EF hadde gjort ein feil. Eg stressa meg derfor aleina inn igjen te Oslo med tog og buss før eg sto på dørterskelen te Taran igjen klokko 8 om morgonen.
MEN.. Da slutte ikkje der! Etter tidenes morgentrim nr.2 ner te Oslo S (igjen.. Takk te Taran!), og oppmøte ved British Airways si innsjekking får eg då veta at de ikkje finne meg i systemet, og de spør om eg har bytta flydag. Kjente eg blei oppgitt, sint og stressa igjen! Va rett før tårene kom då altså. Sånne stressa situasjona tidlig på morgonen, 2 daga på rad e ikkje nåko særlig for eit B-menneske som meg! De ringte og styrte på, og eg sto i nåko som føltes som ein evighet og såg for meg at eg bare måtte reisa heim igjen te Stord og kreva pengane tebake! Ette fleire telefonar og fleire folk som sku hjelpa ho damo, kunne eg etter mykje om og men ENDELIG ta imot flybilletten min te London og Miami!
No e da bare å få ordna at eg får ein ekstra dag der nede, men har sendt mail te EF, så da trur eg ska ordna seg! :) Puh.. No ska eg setta meg ner med gaten te London, så får håpa da ikkje blir nåko stress der!
- Kine
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar